
#Om Vik Hamn
Vik hamn er i Vik kommune og ligg på sørsida av Sognefjorden, ein av dei lengste fjordane i verda. Til Vik kan ein komme ved å ta Rv13 over Vikafjellet frå Voss, Bergen og Oslo, eller ein kan komme via ferjesambandet Vangsnes-Hella-Dragsvik over Sognefjorden.
Det er og eit hurtigbåtsamband mellom Vik og Bergen, om sommaren 2 gonger dagleg. Kommunen omfattar bygdene Fresvik, Feios, Vangsnes, Arnafjord og strendene, i tillegg til Vik sentrum. Tal innbyggjarar er 2.550 (4. kvartal 2024). Areal er 833 kvadratkilometer.
Brosjyre for Vik Kommune










